Nytt narkobeslag i Florø: – Det er nok å ta tak i om dagen

NYTT TILFELLE: Måndag arresterte politiet ei kvinne for narkotikakriminalitet. Bildet er av tenestestadsleiar i politiet, Wenke Hope.

NYTT TILFELLE: Måndag arresterte politiet ei kvinne for narkotikakriminalitet. Bildet er av tenestestadsleiar i politiet, Wenke Hope. Foto:

Av

FLORA: Det seier Wenke Hope hos politiet i Florø. Måndag vart ei kvinne i 20-åra arrestert for narkotika.

DEL

Måndag blei ei kvinne i 20-årsalderen arrestert av politiet i Florø. På kroppen hennar, og seinare i eit husvære, blei det funne narkotika. Kva type narkotika der er snakk om, er politiet førebels usikre på.

Det skriv Firdaposten.

Pulver

– Det er i pulverform, og det er sendt inn prøvar av stoffet til Folkehelseinstituttet for analyse, fortel tenestestadsleiar Wenke Hope ved politiet i Florø.

Ho ønskjer ikkje å gå ut med kva mengder som er beslaglagt, eller om fleire personar er i søkelyset i saka, då etterforskinga framleis held på.

– Vi har ikkje fått avhøyrt kvinna enno, men ho har hatt tilknyting med politiet tidlegare, stadfestar Hope overfor Firdaposten.

Arrestasjonar i Førde

Også i Førde vart det gjort beslag av narkotika, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Tre personar vart arresterte måndag, og regionlensmann Dag Fiske seier dei gjorde eit betydeleg beslag av hasj, MDMA, ecstasy og tablettar.

Ein av personane har erkjent ansvar for stoffet, som politiet mistenkjer skulle seljast vidare. Alle dei tre personane er kjenningar av politiet, opplyser Fiske til NRK.

Artikkeltags