Brann i Sogndal og narkotika i Lærdal

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITI: I indre Sogn har politiet hatt å gjere på natt til torsdag

DEL

I Sogndal tok det til å brenne ved ein konteinar onsdag kveld ved 22.30-tida. Dette melder politiet på Twitter.

Konteinaren stod nær ein butikk, og det var opplyst at den også inneheldt fyrverkeri. Butikken vart evakuert, medan politiet fekk kontroll på brannen. Fyrverkeriet vart ikkje tent, det er heller ikkje kjent korleis brannen starta, ifølge operasjonssentralen.

Ruskøyring

I Lærdal stoppa utrykkingspolitiet ein bil i natt, føraren var ein mann i 30-åra. Dei fann at han køyrde i rusa tilstand. Mannen vart meld og førarkortet kverrsett.

Når dei sjekka passasjeren til vedkommande, også ein mann i 30-åra, fann dei hasj. Passasjeren vart meld for besittelse av narkotika.

Artikkeltags