Bil i grøfta i Hafslo

POLITI: Ein patrulje vart sendt til staden for å undersøke.

DEL

Litt over klokka 14.00 melde Vest politidistrikt at ein bil hadde køyrt i grøfta ved Hafslovegen i Luster.

Politiet reiste til staden, men det var ingen personar i eller ved bilen då dei kom fram. Dei starta då å undersøke kven som hadde køyrt køyretøyet.

– Ein Up-patrulje har vore i kontakt med førar av personbilen. Han var åleine i bilen og har fortalt at bilen sklei ut av vegen. Han er ikkje skadd og det er ingen mistanke om ruskøyring, melder politiet på Twitter klokka 14.30.

Bilbergar er bestilt og vegen er open for fri ferdsel.

Artikkeltags