Turgåar sakna i Leikanger – vart funnen av pårørande

Berga ned frå fjellet i redningshelikopter.

DEL

Måndag ettermiddag vart det sett i gong ein leiteaksjon etter ein turgåar i Leikanger.

Frivillig mannskap og redningshelikopter vart kalla ut og sendt mot staden vedkommande kunne vere.

Sakna vart funnen av pårørande og henta ned av redningshelikopteret. Ifølgje politiet hadde turgåaren, ei kvinne i 30-åra, skadar i ein fot.

– Vi fekk melding via Hovudredningssentralen klokka 17.18. Medan leitemannskap og redningshelikopteret var på veg, hadde ein pårørande klart å ta seg fram til den sakna, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Kvinna er flogen til Førde sentralsjukehus.

Artikkeltags