Trafikkuhell på fv. 55 i Sogn

KRASJ: Bil med fire personar køyrde i fjellveggen ved Grinde i Leikanger fredag ettermiddag.

KRASJ: Bil med fire personar køyrde i fjellveggen ved Grinde i Leikanger fredag ettermiddag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITI: Helse Førde melder at lege og to ambulansar er på veg til staden.

DEL

Ulukka skal ha skjedd på fv. 55 på Grinde i Leikanger, melder Vegtrafikksentralen.

– Eitt køyretøy med fire personar har køyrt i fjellveggen. Alle personane er ute av bilen og vegen er sperra. Naudetatane er på veg, men eg kan ikkje seie meir før vi er framme på staden, seier operasjonsleiar hos Vest politidistrikt, Olaug Holme.

Bilbergar er rekvirert.

Litt før klokka 18.00 melder politiet at dei fire i bilen er tatt med til legevakt for sjekk. Bilen er no fjerna og vegen er open for trafikk.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags