Avgjerda om å oppheve suspensjonen vart teken i tilsettingsrådet i Vest politidistrikt tysdag. Politimannen har vore suspendert sidan 27. oktober, etter at han vart sikta for familievald.
Statsadvokaten bestemte seg 11. november for å legge saka mot mannen bort, etter bevisets stilling.
– Dei rettslege vilkåra for suspensjonen er ikkje lenger til stades, og på den bakgrunn har tilsettingsrådet i dag oppheva suspensjonen. Tenestemannen skal tilbake i arbeid så snart som mogleg, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.
– Dette er veldig gledeleg, seier advokat Mette Yvonne Larsen, som representerer politimannen det gjeld.
– Han er veldig letta over å kunne kome tilbake til jobben og få eit normalt liv. Straffeforfølginga mot han har vart lenge, utan at nokon av sakene har ført fram, seier Larsen til Firda.
Utilstrekkelege bevis
Poltitenestemannen det gjeld, vart i fjor vår sett under etterforsking for vald i nære relasjonar, nærare bestemt mot ein sambuar. Mannen var på det tidspunkt ikkje sikta.
Etterforskinga førte til at påtaleansvarleg Kirsti Hammerø i Møre og Romsdal politidistrikt for ein månad sidan tok ut sikting mot mannen, for brot på straffelovsparagrafen som gjeld mishandling i nære relasjonar. Då vart politimannen suspendert, etter å ha vore i teneste medan etterforskinga stod på.
Ein tidlegare sambuar av politimannen sa etter siktinga at ho følte ho endeleg vart teken på alvor. Kvinna hadde tidlegare valt å stå fram med historia si, fordi ho meinte at politiet beskytta sine eigne.
– Eg blir overraska, om statsadvokaten ikkje følgjer opp saka, sa kvinna, 30. oktober i år.
To veker seinare la statsadvokaten saka vekk. Politimannens advokat, Mette Yvonne Larsen, sa då til Firda at grunnen til bortlegginga var utilstrekkelege bevis.
Barnefordelingssak i botnen
– Vi meiner at dette er ei barnefordelingssak som har «gone bad» i botnen. Eg håpar vi kan komme vidare og samarbeide om barnet, framfor krig mellom dei vaksne, sa Larsen til Firda etter bortlegginga.
Den same politimannen var også meld for eit liknande tilfelle på midten av 2000-talet. Dåverande fungerande visepolitimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, omtala i august i fjor dette som ei gammal sak som vart etterforska og lagt vekk.