Politiet åtvarar mot «grooming»: – Ikkje legg til personar du ikkje er sikker på kven er!

HAR FÅTT TIPS: Politiets nettpatrulje – Vest har i det siste fått tips om forsøk på «grooming». Teksten i bilde er fiktiv, men eit døme på korleis overgriparar kan gå fram. På bildet: Frida Føleide som jobbar i  nettpatruljen.

HAR FÅTT TIPS: Politiets nettpatrulje – Vest har i det siste fått tips om forsøk på «grooming». Teksten i bilde er fiktiv, men eit døme på korleis overgriparar kan gå fram. På bildet: Frida Føleide som jobbar i nettpatruljen. Foto:

No ber dei foreldre og føresette vere merksame på borna sin digitale kvardag.

DEL

Den siste tida har Vest politidistrikt sin nettpatrulje fått tips om forsøk på «grooming».

Blir vener på nett

– Dette handlar om at personar med seksuell interesse for barn blir vener med – og manipulerer dei – over internett. Dette gjer dei for å vinne barna sin tillit og få dei til å gjere ting som tilfredsstiller overgriparen sine ønskjer. Personen gir barnet positiv merksemd eller lovar dei andre fordelar, skriv nettpatruljen på Facebook.

Desse personane tek ofte kontakt i offentlege chatterom, for så å få dei over på Snapchat, Skype og Instagram t.d., der dei kan kommunisere ein til ein.

Treng ikkje møtast for å vere overgrep

Slike overgrep kan like gjerne skje i trygge omgjevnadar som barnet sin eigen heim.

– Mange tenker at overgrep er noko som skjer der to personar møtast og ein av partane blir utsett for noko straffbart. Det at eit barn blir lurt til å sende til dømes lettkledde bilde av seg sjølv, kan også reknast som eit overgrep, seier politiet.

Difor er det viktig å snakke med barn om temaet, meiner nettpatruljen.

– Ta del i barnet ditt sin digitale kvardag og forklar at det finst personar med dårlege hensikter. Ikkje legg til personar som «ven» om ein ikkje er 100 prosent sikker på at det er den ein trur.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags