NRK: Mann dømd for drap på nordmann i Tsjekkia

Mannen i 60-åra blei drepen i Praha i fjor haust. No er ein 21 år gamal mann dømd for drapet.

DEL

Det var 13. oktober i fjor at mannen frå Sogn og Fjordane blei funnen død i nokre busker utanfor Praha. Seinare blei to menn arresterte og seinare sikta for kroppsskade, tjuveri, og forfalsking og uautorisert bruk av kort.

No er den eine av mennene dømd til fengsel i 15 år for drapet, melder NRK.

Saka er anka og skal opp i Høgsterett 18. september. Den andre mannen som stod tiltalt er dømd til fengsel i 18 månader for tjuveri.

Mannen frå fylket var på ferietur i Praha då han hamna på ein fest i lag med fire andre personar. Her hamna han i ein krangel som enda med at han fekk alvorlege hovudskadar, som han seinare døydde av.

Han blei også fråstolen ein rekkje verdiar.


Artikkeltags