Mann hadde ikkje førarkort, men sette seg likevel bak rattet

DEL

Denne veka vier politiet over heile Norge ein spesiell kontrollinnsats for å førebygge og avdekke ruspåverka køyring.

– Vi veit det er folk der ute i trafikken som dagleg køyrer rusa. Og vi veit at det, særleg no i julebordsesongen, er mange som køyrer med promille dagen deretter, sa trafikkansvarleg for Sunnfjord-politiet, Trond Hatlenes til Firda førre veke.

Tysdag hadde politiet i Fjaler ruskontroll på fv. 609 i Holmedal. 16 personar vart kontrollerte, men ingen blåste raudt.

Men, ein av dei hadde ikkje gyldig førarkort, fortel politibetjent Andrine Njøsen Helgås.

– Han vart meldt og deretter køyrt heim av politipatruljen.

Artikkeltags