Drapssikta mann blir sloppen fri

Politiet slepp fri mannen i 40-åra som har vore sikta for drap i Florø. Han har vore i varetekt sidan byrjinga av april.

DEL

Det melder Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Årsaka til lauslatinga er at politiet meiner at mistanken mot mannen er svekka. Påtalemakta har difor bestemt seg for å sleppe mannen fri.

Klokka 12.45 er det fengslingsmøte for den andre sikta i saka. Der ber politiet om åtte nye veker i varetekt.

Artikkeltags