Trafikkulykke på rv. 5: Bil utfor vegen i Jølster

Bil med to personar køyrd inn i mur. Ingen personskade, ifølge politiet.

DEL

Klokka 13.55 fekk Vest politidistrikt melding om ei trafikkulykke på rv. 5 mellom Kjøsnes og Lunde, etter den første tunnelen etter Skei.

– Det er ein bil som har køyrd av vegen og inn i ein mur. Ingen blei fastklemt, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

Det skal ha vore ein mann og ei dame i bilen, men dei skal ikkje vere alvorleg skadde, opplyser operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt til Firda.

Bilen står utanfor vegen og skal ikkje vere til hinder for trafikken. Brannvesen og ambulanse kom til staden for litt over 10 minutt sidan. Politiet kom litt etterpå.

Dei involverte blir køyrt til lokal legevakt, men viste seg å vere uskadde.

Det skal ikkje vere trafikale problem på staden, skriv Vest politidistrikt.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags