Trafikkulukke på E39: Bil køyrde i eit skilt og hamna av vegen

DEL

Klokka 13.55 fekk Vest politidistrikt melding om ei trafikkulukke. Hendinga skal ha skjedd på E39 ved Klakegg, ved nordenden av Håheimsvatnet. Bilen skal ha køyrt i eit skilt. Alle naudetatar vart sendt til staden.

– Bilen ligg utfor vegen. Førar er vaken og kan snakke, opplyste politiet litt over klokka 14.00 fredag ettermiddag.

Dei meldte då at førar var åleine i bilen og at han ikkje skulle vere kritisk skadd. Ambulanse var då på staden, og det var i dette tidsrommet nokre trafikale problem.

Operasjonsleiar Per Algrøy meldte til Firda klokka 14.15 at føraren av bilen var ein mann og at han ville bli sendt til lokal legevakt.

Bilen er no rydda vekk, og vegen er opna. Legevakta har sett til mannen og konkludert med at han er uskadd. Politiet veit enno ikkje årsaka til ulukka.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags