Innbrot på Skei

KNUST: Ruta er knust og døra broten opp. Det er ikkje kjent kva som eventuelt er stole frå butikken.

KNUST: Ruta er knust og døra broten opp. Det er ikkje kjent kva som eventuelt er stole frå butikken. Foto:

Nokon har gjort innbrot i Joker-butikken på Skei i natt.

DEL

Klokka 0317 fekk politiet melding om innbrot i eit butikklokale på Skei. Nokon har knust ruta til Joker-butikken og brote opp døra.

Politiet har vore på staden og gjennomført undersøkingar, men det er ikkje kjent kva som eventuelt er stole. Ifølge operasjonssentralen blir det oppretta sak. Vidare undersøkingar vil avgjere kva politiet gjer vidare.

Etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal seier til Firda klokka 10.00 at dei så langt ikkje har fått meldingar om at noko er stole frå butikken. No ønskjer dei tips frå publikum:

– Om det er nokon som har sett eller høyrt noko ber vi dei om å ta kontakt med Førde lensmannskontor på telefon 57 72 37 00, seier ho.

Facebook skriv politiet i Nordfjord at 22. oktober var det eit grovt tjuveri frå Coop Fjelli i Stryn, og natt til i dag skal det også ha vore gjort forsøk på grovt tjuveri hos Joker Utvik. Sistenemnde vart gjort før alarmen gjekk på Joker Skei.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags