Hadde droppa EU-kontroll – vart avskilta på staden

VEG: Dette og meir til fann trafikkontrollørane under kontrollane på Kjøs og Skei tysdag.

DEL

31 tungkøyretøy vart kontrollerte på rv. 5 på Skei. Av desse vart det skrive ut trafikkgebyr på til saman 4500 kroner for mellom anna for lite mønsterdjupn på dekk, manglande kjetting og manglande vognkort.

Tre køyretøy fekk skriftlege manglar for oljelekkasje frå motor, feil på ABS, slitne bremseskiver og fleire lause boltar i svingkransen på ein tilhengar. Sistnemnde fekk også bruksforbod for dette.

Skriftleg åtvaring

Bruksforbod vart det også til ein som hadde mangelfull sikra last, samt eit køyretøy som vart avskilta grunna manglande EU-kontroll.

Fleire førarar fekk også påpakning for brot på køyre- og kviletida.

Ein førar vert meld for køyring utan å ha brukt sjåførkort, medan tre andre fekk skriftlege åtvaringar for brot på køyre- og kviletida. Dette vert også rapportert til føretakskontrollen.

Måtte rydde frontruta

På Kjøs i Nordfjord var det også kontroll av tungkøyretøy.

30 køyretøy vart kontrollerte og eit firma fekk inndrege eit ugyldig løyve og kan vente seg ei politimelding. Tre sjåførar måtte også rydde frontruta før dei fekk køyre vidare.

Ein førar måtte sikre lasta si betre før vidare køyring, og eitt køyretøy fekk teknisk mangellapp. Tre førarar fekk også gebyr for slitne dekk, manglande dokument og manglande bombrikke.

Artikkeltags