– Lappane kan vere festa av personar som ønsker å sjekke om folk er heime, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Ifølge Knappen er det lenge sidan politiet har fått meldingar om slike lappar. Førebels er det berre nokre dører i ein fleirmannsbustad i Årdal det er meldt frå om denne gongen. Likevel kan det vere lurt å vere obs dersom du finn ein lapp over døra eller i dørsprekken heime. Det kan bety at nokon vil inn.

– Det er ein metode som har vore brukt, og som kanskje begynner å bli oppbrukt. Om fleire oppdagar lappar kan dei godt melde frå til politiet, seier ho.