No er politikontoret på Facebook

PÅ PLASS: No kan folk kontakte politiet i Hyllestad, Askvoll og Fjaler.

PÅ PLASS: No kan folk kontakte politiet i Hyllestad, Askvoll og Fjaler. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITI: – Vi ønskjer å vere meir tilgjengeleg for folk, fortel lensmann Åge Løseth.

DEL

Kanskje du allereie har lagt merke til det, men no har politiet i Hyllestad, Askvoll og Fjaler fått seg Facebook-side.

– Vi har snakka om det ei stund, og no når tre kontor vart slått saman fann vi ut at det var ei god moglegheit for å begynne. Eg har mange flinke ungdommar rundt meg som fiksar dette, så det skal ikkje stå på oss gamlingane, fortel Løseth og ler.

Lensmannskontoret på Hyllestad hadde siste opningsdag 18. desember, og i Askvoll la dei ned i slutten av mars. No deler desse kommunane lensmann med Fjaler, og kontoret ligg i Dale.

Målet med Facebook-sida er å vere meir tilgjengeleg for folk. Til no har sida over 500 følgjarar. Også politiet i Høyanger og Bremanger er på Facebook.

– Vi skal vere på alerten. Så er det sjølvsagt ting vi ikkje kan skrive, men vi skal oppdatere med det vi kan. Jon Olav Aase er den som har fått i oppdrag å styre sida, fortel Løseth.

I tillegg til lensmannen jobbar det fire politibetjentar og tre sivile på kontoret i Dale.

– Vi håpar på sikt å få fleire stillingar, seier Løseth.

Artikkeltags