Traktorulukke i Høyanger – ein person skadd

Ein mann kom i klem då eit følge på sju personar sat i ei traktorskuffe. Skadeomfanget er førebels ukjent.

DEL

Det melder Vest politidistrikt klokka 09.47 onsdag morgon.

– Ulukka har skjedd i forbindelse med transport av fleire personar i ei traktorskuffe. Ein person skal vere skadd, men uvisst omfang, var første meldinga frå politiet.

Etter det Firda får opplyst skal det ein mann har kome i klem mellom hjulet og traktorskuffa. Dei andre personane som var på staden fekk mannen laus før helse kom til staden.

– Luftambulansen har henta den skadde, opplyser Vest politidistrikt klokka 10.00.

Mannen skal ha vore bevisst då han vart henta.

Klokka 10.25: Politiet er framme i området, men må gå den siste biten fram til ulukkesstaden, som skal ha skjedd på ein traktorveg. Den skadde mannen skal ha vore i eit følge på sju personar, skriv Bergens Tidende.

Dette bekreftar også operasjonsleiar Vibeke Næss til Firda.

Føraren av traktoren er avhøyrt av politiet, og arbeidet på ulukkesstaden vart avslutta i 11-tida. Det vil bli oppretta sak på hendinga.

Artikkeltags