MC-ulykke i Høyanger

DEL

Ein motorsykkel har sklidd og køyrt av vegen. Det melder Vest politidistrikt onsdag klokka 12.14. Dei fekk melding om hendinga klokka 12.00.

Ulykka har skjedd ved Svartemyr. Politiet melde at føraren er oppegåande etter hendinga. Dei melde samtidig at ambulanse og politi var på veg.

– Føraren er ein tysk turist. Vi har fått melding frå staden om at han gjekk på beina etter ulykka, og at det ikkje såg så gale ut. Han blir tatt med til sjukehuset i Førde. Han blir frakta i luftambulanse, men det er meir av praktiske grunnar.

Det skal ikkje ha vore andre køyretøy involvert i hendinga.

Artikkeltags