Bilulukke i Bjordal, nevebruk i Førde

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

POLITI: To personar kom fredag kveld til skade i ei bilulukke ved Bjordal på Høyanger sørside. Berre éin bil var involvert i ulukka, som skjedde i 21-tida på kvelden. AMK ved Helse Førde melder at ein mann på 46 år vart flogen til Førde sentralsjukehus med luftambulanse etter hendinga. Ei 41 år gammal kvinne vart send til legevakt i Førde med bilambulanse.

I Førde kom ein mann kom lettare til skade natt til søndag, etter at han vart slegen ned. Hendinga skjedde i sentrumsområdet, rundt klokka halv eitt om natta, melder Vest politidistrikt.

Mannen det gjeld vart frakta til den lokale legevakta. Ifølgje politiet er ingen pågripen, men saka blir etterforska.

Artikkeltags