Skiløpar skada kneet på fjelltur - blir henta av heilkopter

BLIR HENTA: Skadd skiløpar blir henta av redningshelikopter på Høgenibba i Hornindal.

BLIR HENTA: Skadd skiløpar blir henta av redningshelikopter på Høgenibba i Hornindal. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITI: Politiet rekvirerte Røde Kors til å hente den skadde kvinna, men måtte snu grunna for bratt terreng.

DEL

Klokka 13.00 i føremiddag fekk politiet melding om ein skiløpar som hadde skada kneet sitt på Høgenibba i Hornindal.

Først rekvirerte politiet Røde Kors til å hente den skadde, men dei måtte snu 500 meter frå han fordi terrenget var for bratt for å køyre scooter i.

Litt før 14.30 melder politiet at personen skal hentast med redningshelikopter frå Florø. Politiet sjølv er også på veg til Høgenibba.

Fjellet Høgenibba er 1191 meter på det høgste.

SISTE: Skiløparen er henta av helikopter og frakta til sjukehuset på Eid. Var svært nedkjølt, ifølgje politiet.

Artikkeltags