18 år gammal mann mista førarkortet i Romarheimsdalen

Vart målt til 117 km/t i 80-sona. Og han var ikkje den einaste som var for hard på gasspedalen.

DEL

Utrykkingspolitiet hadde onsdag ein fartskontroll på E39 i Romarheimsdalen.

Der vart det skrive ut heile 29 forenkla førelegg, medan to førarar vart politimelde.

– Høgste målte fart var 117 km/t. Dette var ei mann på 18 år. Han vart meldt og mista også førarkortet, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt.

Ein annan mann nekta å godta det forenkla førelegget og vart meldt for dette, opplyser Algerøy.

Også tysdag vart det fartskontroll på same strekninga. Då skreiv UP ut 25 forenkla førelegg.

Artikkeltags