Bil med fire personar hamna i elv ved E39

Alle naudetatane rykte ut til ulukke i Gulen.

DEL


Ulukka vart meldt klokka 21.42 onsdag kveld.

– Ein bil har køyrt av vegen og ned i ei elv. Det var fire personar i bilen og alle skal ha kome seg ut. Dei opplyser at dei er «mørbanka», melde Vest politidistrikt.

Operasjonsleiar Per Algrøy sa klokka 22.10 at ein ambulanse var komen fram til staden.

– Dei melder om tre pasientar der den eine har fått kutt i ei hand. Men alle skal vere oppegåande, opplyste han han.

Politiet sin patrulje rykker frå Knarvik, så dei vil kome fram til staden litt seinare. Den involverte bilen ligg i elva.

– Dette er etter det vi har fått beskjed om i Duelva, seier Algrøy.

Elva ligg på strekninga mellom Kringla og Instefjorden på E39.

Klokka 23.00 opplyste politiet at tre personar vert frakta til Haukeland universitetssjukehus i ambulanse. Den fjerde personen vert tatt med til legevakta i Nordhordland.


Artikkeltags