Hadde nettopp fått lappen. Køyrde i fjellveggen i stor fart

To unge menn, begge under 20, sat i bilen som køyrde i fjellveggen på Sandane fredag kveld.

DEL

– Føraren måtte gje frå seg førarkortet, i første omgang mellombels. Det er mistanke om høg fart, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til Firda laurdag morgon.

Både føraren og passasjeren var bevisste og kom seg ut av bilen. Dei vart avhøyrde på staden og deretter køyrde til kontroll hjå den lokale legevakta.

Utforkøyringa skjedde ved avkøyringa på Kleivedammen, nær Sandane sentrum.

Bilen fekk store materielle skadar.

Utforkøyringa vart meldt klokka 22.35 fredag kveld. Både politi, brannvesen og ambulanse rykte ut.

Les også:

Artikkeltags