Bil køyrde i autovernet på E39

Men då politiet kom til staden var ikkje sjåføren der, opplyser Vest politidistrikt.

DEL

Klokka 15.39 fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt i autovernet på E39 ved Myrmel i Gaular.

Då politiet kom fram var det ingen personar ved bilen. Kva som hadde skjedd var då usikkert, men var per då ikkje meldt om personskadar.

Bilen stod utanfor vegen og trafikken gjekk greitt forbi.

Klokka 16.13 melde Vest politidistrikt at dei hadde fått tak i føraren. Ei kvinne i 20-åra var blitt henta og køyrt vekk frå staden, men politiet fekk kontakt med ho per telefon. Kvinna seier seg uskadd.

Politibetjent Kristine Skilbrei seier at bilen skal ha kome utanfor asfaltkanten og deretter krasja med autovernet.

Ulukka skjedde i ein sving i 60-sona i retning Sande, og både bilen og rekkverket skal ha fått materielle skadar etter samanstøyten. Politiet opprettar sak på hendinga og vil avhøyre sjåføren.

Artikkeltags