To bilar køyrde i kvarandre ved Mo

Uhellet skjedde ved Mo på E39 i Førde.

DEL

Klokka 10.11 laurdag fekk politiet melding om eit trafikkuhell på E39 ved Mo.

I ein sving skal to bilar har treft kvarandre med sida/spegel. Totalt tre personar var involvert i uhellet, men ingen skal ha kome til skade.

– Det er to utanlandske bilar som har vore i ei møteulukke. Bilbergar vart bestilt og var på staden klokka 11.15. Litt før klokka 11.30 var begge bilane fjerna, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Som følge av uhellet vart trafikken dirigert forbi i denne perioden. No er det fri ferdsel.

Det er ikkje mistanke om promillekøyring, men politiet opprettar sak på hendinga. Vitneavhøyr vart gjort på staden, melder Knappen.

Artikkeltags