Steinblokker rasa ned på fylkesveg 13 ved Holsen

Har fjerna nær alle, men èin stor stein ligg att i vegkanten.

DEL

Fleire steinblokker dundra ned på fv. 13 ved Holsen natt til onsdag.

Både politi og vegtrafikksentralen blei varsla.

– Vi fekk melding om raset av ein sjåfør klokka 00.20, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Ifølge vegtrafikksentralen har ein av entreprenørane deira vore ute i natt og rydda vegbana.

– Men det ligg att ein stor stein som entreprenøren ikkje hadde utstyr til å fjerne i går, seier John Andreas Omdal i vegtrafikksentralen.

Steinen ligg omlag 20 cm inn i vegbana og området er markert slik at det skal vere tydeleg for forbipasserande.

Steinen blir fjerna i morgontimane onsdag.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags