Politiet rykte ut etter melding om ulovleg bading i utandørsbasseng

Fleire bada ulovleg i utandørsbassenget i Øvre Årdal i natt.

DEL

Klokka 02.30 rykte politiet ut til Øvre Årdal etter å ha fått melding om ulovleg bading i utandørsbasseng.

– Dette er ein kjent problematikk, og vi valde derfor å sende ein patrulje, seie operasjonsleiar Morten Rebnord.

Personane som bada vart bedt om å forlate staden.

Krangel i Førde

I Førde klokka 02.43 måtte politiet vere behjelpeleg når ein mann og dame krangla.

– Politiet var på staden og fekk mekla med vedkommande. Dei blei vennar igjen, seier Rebnord.

Vist bort frå sentrum

Seinare vart ein person vist bort frå Førde sentrum på grunn av feststøy. Det blei også ein person i Sogndal.

– Ein mann i 20- åra fekk beskjed om å gå rett heim. Han var rusa og var vanskeleg mot politiet, men valde å høyre etter til slutt, seier Rebnord.

Artikkeltags