Innbrot på Øyrane vidaregåande

Slik ser døra til Mo og Øyrane si kantine ut.

Slik ser døra til Mo og Øyrane si kantine ut. Foto:

FØRDE: Politiet er på staden etter at nokon har knust seg gjennom døra til kantina på Mo og Øyrane vidaregåande skule.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

– Det vi vi veit er at ei rute er knust, og det ser ut som uvedkommande har vore inn i bygget, seier politibetjent Øystein Ellingvåg.

Politiet har ikkje fått rapportar om at noko manglar frå skulen. No følger politiet vanlege etterforskingssteg, og har sikra ein del spor, fortel han.

Rektor Liv Horvei veit også lite om innbrotet utover at døra har blitt knust. Ho synest det er beklageleg at nokon held på slik.

– Det synest eg er trist. Men vi har overvåkingskamera, så eg håpar politiet finn ut kven som står bak, seier ho.

Politiet var på staden på etterforske innbrotet måndag føremiddag.

Politiet var på staden på etterforske innbrotet måndag føremiddag. Foto:

Artikkeltags