Fekk melding om amper stemning på uteplass – mann i 30-åra måtte reise heim

FEKK POLITIBESØK: Larris melde frå til politiet om dårleg og amper stemning natt til søndag.

FEKK POLITIBESØK: Larris melde frå til politiet om dårleg og amper stemning natt til søndag. Foto:

DEL

Natt til søndag klokka 01.00 fekk politiet melding frå utestaden Larris i Førde.

– Dei melde frå om at det var dårleg og amper stemning blant gjestane og at dei ønskte at politiet kom, seier Joachim Malterud, politioverbetjent ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Politiet tok turen og stemninga roa seg ned.

– Det viste seg til slutt at det var ein mann i 30-åra som hadde laga dårleg stemning. Han hadde kome i klammeri med vaktene.

Mannen måtte forlate utestaden og fjerne seg frå sentrum.

– Dersom han hadde kome tilbake i sentrum, så kunne det blitt politimelding med førelegg. Det viser seg ofte å vere effektivt, seier Malterud.

Artikkeltags