Fann full kvinne sovande på fortauet

DEL

Like etter klokka 23.00 laurdag kveld kom ein forbipasserande over ei ung kvinne som låg og sov på fortauet i Storehagen i Førde,

– Kvinna var sterkt rusa, så personen kontakta politiet. Vi råda han til å ringe 113 slik at ho kunne få helsehjelp, seier Joachim Malterud.

Kvinna fekk etter kvart hjelp av familien sin, opplyser Malterud til Firda.

Artikkeltags