Leitar etter mann i 50-åra etter funn av tom båt

LEITAR: Ved Osen i Flora vert det leitt etter den sakna mannen. Her er ein av lettbåtane som deltek i søket.

LEITAR: Ved Osen i Flora vert det leitt etter den sakna mannen. Her er ein av lettbåtane som deltek i søket. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Tom båt funnen drivande ved Osen bru nær Høydal ved fylkesveg 542.

DEL

Politiet sett seint i ettermiddag i gang ein leiteaksjon i området ved Osen bru på fylkesveg 542 i Flora kommune. Aksjonen er sett i gang etter at det vart gjort funn av ein båt på rek.

Redningsskøyte og mannskap frå politiet og Røde Kors har vore med i søket, opplyser politiet.

Like etter at politiet kom med informasjon om leiteaksjonen, går dei også ut med etterlysing av ein konkret person, ein mann i 50-åra – i samråd med familien.

Politiet ber om informasjon frå publikum, dersom nokre har sett den sakna etter klokka 12 tysdag 21. mars.

Ingen tips så langt

– Båten hans – ein skjærgårdsjeep med liten vindskjerm – vart funnen drivande ved Osen bru på fylkesveg 542 nær Høydal innanfor Stavang, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme ved politiets operasjonssentral i Sogn og Fjordane.

MANGE DELTEK: Torsdag kveld deltok både mannskap frå Røde Kors, dykkarar og fleire båtar i søket etter den sakna mannen.

MANGE DELTEK: Torsdag kveld deltok både mannskap frå Røde Kors, dykkarar og fleire båtar i søket etter den sakna mannen. Foto:

Politiet har så langt ikkje fått inn tips, men ifølgje Holme skal mannen ha vore i området med båten sin, slik at politiet ikkje mistenkjer at båten har kome drivande langt vekke frå.

Ifølgje Holme har politiet ingen teoriar om kva som eventuelt kan ha skjedd med den sakna.

Held fram søket

Det vert søkt på land og på vatnet. 17 personar frå Røde Kors er med i søket, tre dykkarar, fleire båtar, pluss mannskap frå politiet som leiar søket, fortel Holme.

– Det er opp til politiets innsatsleiar å avgjere kor lenge det vert leita, men mannskapa brukar lys, så dei kan halde fram søket utover kvelden og natta, avsluttar Holme.

Politiet ønskjer eventuelle tips på telefon 02800.

Artikkeltags