Då politiet kom for å arrestere han, slo mannen seg heilt vrang

Ei rute vart knust og politiet måtte ta i bruk alternative metodar for å få kontroll på mannen.

DEL

Klokka 22.12 torsdag melde Vest politidistrikt at dei hadde fått melding om at ein mann hadde trua og gjort skadeverk ein stad i Florø.

Då politiet kom til staden vart den mistenkte mannen svært utagerande.

– Han knuste ei rute på patruljebilen, og tenestemennene måtte mellom anna bruke peparspray for å få kontroll på han, opplyser politiet.

Mannen, som er i 30-åra, blir køyrd til sjukehuset i Førde i ambulanse. Politiet er med som assistanse på turen.

Artikkeltags