Connie (23) fann piller i leilegheita ho leigde ut – politiet ville ikkje ransake

Connie Nybø

Connie Nybø Foto:

Av

Då Connie Nybø fann husværet ho leigde ut skite, rotete og fullt av piller, rekna ho med at politiet ville komme og ransake. Det ville dei ikkje.

DEL

FIRDAPOSTEN: Det var i fjor haust at Connie Nybø sa opp leigetakarane sine etter ein historikk med fleire situasjonar der ho meinte at dei ikkje tok vare på husværet. Dei flytta inn 1. august, og allereie månaden etter var uroa til Nybø så stor at ho bad om å få komme inn og ta ein kikk. Ho fortel at leigetakarane røykte innandørs, laga bråk og øydela ting i huset.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først omtalte saka.

Nedvask: 16.000 kroner

– Først var eg inne i september, med løyve frå leigetakar. Då kom eg til ei tom og veldig skita leilegheit. Det låg forskjellige sterke medikament rundt om, eg fann ei flaske med hampolje, og eg fann òg forskjellig anna eg meiner blir brukt til å røyke hasj med. Eg tok bilde av alt dette og melde saka til politiet. Men eg blei fortald at dei ikkje kunne gjere noko, for oljen inneheldt ikkje THC (verkemiddelet i hasj/marihuana, red.mrk..). Men det var jo mange andre ting også: piller som låg rundt omkring, fortel Nybø.

Ho fekk etter kort tid etter brev om at saka var lagt vekk.

Ei stund etter kontakta Nybø advokat fordi leigetakarane etter hennar meining ikkje greidde å ta vare på leilegheita hennar. Det ende med at dei måtte flytte ut i desember. Rekninga for nedvask etter at dei hadde flytta kom på 16.000 kroner, og ho måtte kaste gardiner og møblar.

Det var reingjeringsfirmaet som fann det dei meinte var cannabis, og det var dei som ringde politiet om dette, ettersom Nybø då var på ferie utanlands. Personalet frå reingjeringsfirmaet fekk beskjed om at dei skulle levere det dei hadde funne inn til apoteket, hevdar Nybø.

ROT: Dette er noko av det som møtte Connie Nybø i leilegheita ho hadde leigd ut.

ROT: Dette er noko av det som møtte Connie Nybø i leilegheita ho hadde leigd ut. Foto:

– Tek narkolovbrot alvorleg

Leigetakarar har eit sterkt rettsleg vern i Norge og det er ein lang prosess å få kasta ut ein leigetakar som bryt kontraktsvilkåra.

– Det at ein ikkje kan kaste folk ut når husværet blir så øydelagt, er utruleg frustrerande.

Nybø har lufta frustrasjonen sin på Facebook, og i skrivande stund har det fått meir enn 30 kommentarar og heile 18 delingar. NRK skreiv om saka søndag kveld, og til dei streka tenestestadsleiar i politiet, Wenke Hope at det blei vurdert nøye om dei skulle ransake husværet etter at Nybø kontakta dei i september, men at det blei vurdert som ikkje sannsynleg at dette var eit straffbart forhold.

Etter som hampoljen som blei funnen ikkje inneheldt THC, var det ikkje grunn til å rykke ut. Ho forsikrar likevel at politiet tek narkolovbrot svært alvorleg. På spørsmål om kva ho tenker om at ein skal ha fått beskjed om å levere det som kan ha vore narkotika til apoteket, svarar ho:

– Dette er ukjent for dei betjentane eg har hatt høve til å snakke med i dag. Eg kan ikkje seie om dette har vore sagt, men eg vil oppmode alle om å levere eventuell narkotika til politiet for destruksjon.

Nybø seier ho meiner ho gav politiet «ei gullgruve å grave i», og ho er sjokkert over at dei ikkje ville komme.

– Dei hadde nok funne mykje forskjellig der borte, så eg er litt mållaus, ja. Politiet er ute med ein gong vi køyrer ti kilometer over fartsgrensa, men ikkje når det gjeld straffbare ting som dette. Så eg blir eigentleg både redd og sjokkert.

Artikkeltags