– Vi veit kvifor bilane kolliderte, men vi ønskjer å få innsyn i kva som føregjekk i bilen som kom frå Florø før ulukka skjedde, seier etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes i Vest politidistrikt.

30. desember 2017 kolliderte to bilar på rv. 5 i Eikefjord. Fire personar var involvert i ulukka. Ein mann i 50-åra vart sendt til Haukeland sjukehus, medan ei kvinne i 50-åra vart innlagt på sjukehuset i Førde, begge hardt skadde.

Ein mann og ei jente i tenåra kom frå ulukka med lettare skadar. Til Firda opplyser Barsnes at det var bilen som kom frå Florø som kom over i feil køyrefelt.

Politiet har no gjennomført nesten alle avhøyr, men grunna skadeomfanget til mannen som sat i bilen mot Førde, er han ikkje avhøyrt enno.

– Partane har fått dei svara dei treng for å senke skuldrene litt, så vi hastar ikkje med å få gjennomført avhøyret, seier Barsnes.

Tidlegare saker:

Vibeke var ute og aka med borna då ho høyrde smellet: Eg ringde AMK og sprang til 

Kvinne framleis alvorleg skadd etter ulykka i Eikefjorden