Politiet ventar framleis på obduksjonsrapporten

ULYKKA: Ifølge ein på staden, tok bilen salto i lufta og landa på høgkant på utsida av autovernet, før den sklei ned i sjøen. Flora-tenesteleiar Wenke Hope (innlemma i bildet) seier saka ikkje er ferdig etterforska.

ULYKKA: Ifølge ein på staden, tok bilen salto i lufta og landa på høgkant på utsida av autovernet, før den sklei ned i sjøen. Flora-tenesteleiar Wenke Hope (innlemma i bildet) seier saka ikkje er ferdig etterforska. Foto:

FLORA: Har avhøyrd alle vitne, men ventar på obduksjonsrapporten.

DEL

– Vi har ikkje fått den endelege obduksjonsrapporten. Saka er framleis under etterforsking, seier Wenke Hope, som er tenesteleiar ved Flora politistasjon.

Ein mann i 50-åra mista livet i ei bilulykke i oktober, då bilen hans hamna i sjøen ved Mekevika på rv. 5 i Flora kommune.

Politiet etterforskar framleis saka, og har ikkje fått den endelege obduksjonsrapporten eller ulykkesgruppa sin rapport enno. Wenke Hope seier at politiet er ferdige å avhøyre vitne, men vil ikkje ut med meir.

– Eg går ikkje ut og kommenterer noko i saka før den er ferdig etterforska, seier ho.

Kor tid politiet får obduksjonsrapporten, veit ho ikkje.

– Det varierer kor lang tid ein brukar på det, seier ho.

Namnet på den omkomne er frigjeve

Artikkeltags