Innbrot i fleire bilar natt til søndag

Artikkelen er over 2 år gammel

Flora: Søndag føremiddag kom det melding om innbrot i ein bil i Florø. I løpet av dagen har det komme fleire.

DEL

Politiet melder at det i løpet av søndag er komme fleire meldingar om innbrot i bilar i Florø.

Søndag føremiddag kom det melding om innbrot og tjuveri frå ein bil i Bjørkumsvegen i Florø.

I løpet av dagen er det ifølge politiet også meldt om innbrot i bilar i Skridholgata og på Ragnarrud.

Politiet er i gang med å etterforske sakene.

Artikkeltags