Fann livlaus person i vatnet i Florø – ein vaksen mann er no erklært død på staden

Foto:

Politiet har enno ingen opplysningar om korleis personen har hamna i vatnet.

DEL

Like etter klokka 13.40 fekk politiet melding om ein livlaus person som var funnen i vatnet i Florø.

Det melder Firdaposten, som fekk stadfesta funnet av politiet klokka 13.45.

Starta førstehjelp

Personen vart funnen i vatnet ved Krokane Camping. Politiet fortel at dei har fått personen på land, og at dei er i gang med livreddande førstehjelp.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre fortel til Firda at politiet var i nærleiken hendinga vart varsla, og at dei kom raskt til staden og fekk drege personen i land. Han fortel at det er snakk om ein vaksen person.

SISTE: Erklært død på staden

Klokka 14.22 fortel operasjonsleiar Dag Olav Sætre at personen ei tid etter at det livreddande arbeidet starta vart erklært død på staden.

– Det er ein vaksen mann, og vedkommende er no erklært død av personell på staden. Han er ikkje formelt identifisert, og vi har såleis per no ingen pårørande å varsle, seier operasjonsleiaren.

Han fortel at politiet no er på staden for å snakke med vitne.

– Vi har enno ingen opplysningar om korleis personen har hamna i vatnet, seier Sætre.

Vest politidistrikt har i etterkant av dødsfallet komme med meir informasjon i ei pressemelding. Der blir det meldt at saka vil bli handtert vidare av Flora politistasjon.

Artikkeltags