Mann i 40-åra lånte bil – det gjekk gale

BILUHELL: Denne bilen hamna i grøfta på vegen mellom Sande og Guddalen.

BILUHELL: Denne bilen hamna i grøfta på vegen mellom Sande og Guddalen. Foto:

Ein bil ligg i grøfta etter ei utforkøyring i Høgelivegen i Fjaler.

DEL

– Det er ein mann i 40-åra som har køyrt utfor, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Det var forbipasserande som melde frå om at ein bil låg i grøfta, men at det var ingen i bilen.

– Vi har vore i kontakt med eigaren av bilen, seier Kolltveit og legg til at politiet fekk melding om uhellet klokka 18.00.

Ifølge Kolltveit var bilen lånt og årsaka til uhellet skal ha vore at sjåføren måtte bremse ned for møtande trafikk.

– Det er tydlege bremsemerke på vegen etter hendinga, men det er ingen mistanke om promillekøyring, seier han.

Ein politipatrulje har vore på staden og gjort undersøkingar. Det vert oppretta sak på hendinga.

– Skadeomfanget på sjåføren er uvisst. Vi fekk beskjed om at han hadde smerter i i høgre side og at han sjølv tek kontakt med legevakt, seier Kolltveit.

Artikkeltags