Mann køyrd til arrest i Førde på morgonkvisten

DEL

– Akkurat no er det ein som skal køyrast frå Breim til arresten i Førde.

Det seier innsatsleiar Synnøve Domben til Firda klokka litt før halv ni søndag morgon.

– Dei skal ha halde det gåande i natt, og no vart det nok. Ein person er meldt for ordensuro og henta av politiet.

Bortsett frå dette har det vore lite problem i natt.

– Det gått utruleg bra, både med Våt Moro i Florø og med Countrytreffet på Breim, seier Domben.

Artikkeltags