To personar har køyrt av vegen i Eid

POLITI: Alle naudetatane rykker ut til ulukke.

DEL

Klokka 16.27 fekk Vest politidistrikt melding om ei trafikkulukke mellom Skipenes og Nord bru i Eid.

Ein bil med to personar har køyrt av vegen på fv. 633. Ifølgje NRK Sogn og Fjordane har bilen treft eit tre.

– Ambulanse og brannvesenen er framme på staden. Personane i bilen er lettare skadd. Det skal vere snakk om smerter i skulder og eit kutt i ansiktet. Politipatruljen reiser til staden for å undersøke årsaka, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker.

Helse Førde melder klokka 17.20 at dei involverte blir frakta til sjukehus i ambulanse.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33 Send video

Artikkeltags