Mann i slutten av 40-åra vart kritisk skadd i bilulukka

KRITISK: Bilføraren er kritisk skadd, melder Helse Bergen.

KRITISK: Bilføraren er kritisk skadd, melder Helse Bergen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

EID: Ein mann i slutten av 40-åra ligg kritisk skadd på Haukeland universitetssjukehus etter gårsdagens utforkøyring vest for Kjøs bru, melder Helse Bergen.

DEL

Naudetatane og luftambulanse rykte fredag ut til ei trafikkulykke vest for Kjøs bru ved Hornindalsvatnet. Ulukka skjedde i Eid kommune, heilt på grensa til Hornindal. Bilen skal ha kome i retning frå Eid.

Politiet fekk melding om utforkøyringa klokka 19:33.

Ifølgje politiet var det ein bil som er involvert, og det var ein person i bilen.

Klokka 20:26 meldte politiet at føraren, ein mann, var sendt til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse.

E39 var ei stund stengd på ulykkesstaden. Bilberging var i gang klokka 20:55, opplyste vegtrafikksentralen. Etter ei tid vart vegen er opna att, men det var redusert passering. Først klokka 22:30 vart det opna for fri ferdsel.

I ei pressemelding publisert i dag, laurdag klokka 13:15, melder Helse Bergen at bilføraren er kritisk skadd.

Artikkeltags