Bil utfor vegen i Eid – ein person involvert

EID: Førar er medviten, men klagar over smerter, opplyser politiet

DEL

Like over klokka 07.00 kom meldinga om ei trafikkulukke i Hjalmavegen på Nordfjordeid.

Ein bil med ein person skal ha køyrt utfor vegen. Politi og ambulanse rykte ut til staden.

Førar er medviten, men har ein del smerter. Personen sit ikkje fastklemd, opplyser politiet klokka 07.20.

– Det er ei kvinne i 60-åra som har køyrt utfor på fv. 661. Kva som er årsaka til ulukka er førebels uklart. Bilen har fått ein bulk i panseret. Kvinna er tatt hand om av helse, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt til Firda klokka 07.45.

Helse Førde melder litt over klokka 09.00 at kvinna er flogen til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33 Send video

Artikkeltags