Bil krasja i steinvegg på Nordfjordeid

Alle naudetatar rykte ut.

DEL

Meldinga om trafikkulukka kom klokka 17.30 fredag ettermiddag.

– Ein bil med fire personar køyrde utfor vegen, over ein gangveg og traff ein steinvegg. Årsaka til ulukka er truleg eit illebefinnande, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Firda klokka 19.10.

Alle fire vart undersøkt av helse etter ulukka.

Sjåføren, ein mann i 60-åra, har fått førarkortet kverrsett som følgje av ulukka.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags