Bil køyrde av vegen på Nordfjordeid

Ulukka skjedde ved Hjelmelandskrysset.

DEL

Klokka 19.40 fekk Vest politidistrikt melding om at ein bil hadde køyrt av vegen ved Hjelmelandskrysset, ikkje så langt frå Nordfjordeid.

Airbagen vart løyst ut og førar kom seg ut, men ifølgje politiet klagde vedkommande over smerter i rygg og nakke. Sjåføren er ein mann i tenåra.

Kva som har skjedd er førebels usikkert. Naudetatane rykte ut, og luftambulanse vart også sendt til staden.

Bergingsbil vart også bestilt og politiet opprettar sak på hendinga. Klokka 21.30 melde politiet at mannen vart flogen til Førde sentralsjukehus.

Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Artikkeltags