UP med ny storfangst på E39 i Romarheimsdalen

Av

Skreiv ut 25 forenkla førelegg.

DEL

AVISA NORDHORDLAND: E39 i Romarheimsdalen er ei av favorittstrekningane til UP å gjennomføre fartskontrollar på, og tysdag har dei igjen vore til stades med laser.

Og det ser ikkje ut til at bilistane får det med seg eller bryr seg, for igjen vart mange vinka inn etter å ha køyrd for fort.

Resultatet denne gongen vart 25 forenkla førelegg for fart og to for bruk av mobil, melder Vest politidistrikt. Høgste fart vart målt til 111 km/t i 80-sona.

Kontrollen vart gjennomført ved Dyrkolbotn.

Artikkeltags