Bil på E39 i Romarheimsdalen i full fyr

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: To personar som var i bilen har pusta inn røyk, melder politiet.

DEL

Klokka 17.37 fekk politiet melding om brann i eit køyretøy på E39.

Det var to personar i bilen og dei skal ha prøvd å sløkke brannen. I samband med dette har dei pusta inn noko røyk.

– Naudetatane er framme ved køyretøyet. Ulukka har skjedd like nord for Vetle-Aurdal tunnelen. Det er framleis noko røyk, men mindre flammar, opplyser Vest politidistrikt på Twitter kl. 18.02.

Vegen vart stengd som følgje av brannen og sløkkinga. Klokka 18.15 opplysete Vegtrafikksentralen at det var manuell dirigering forbi brannstaden. Bilbergar vart rekvirert.

Ifølgje operasjonsleiar Frode Kolltveit hos Vest politidistrikt skal brannen ha starta i motorrommet. Det er førebels ukjent brannomfang.

Klokka 18.20 og utover heldt brannvesenet på med ettersløkking.

Klokka 19.05 vert det opplyst frå politiet at bilen her henta av bergingsselskap, og at trafikken går som normalt igjen.

Politiet opprettar sak.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags