Tok fram kniv og rispa festdeltakar. Væpna politi er på staden

BREMANGER: Ein mann gjekk amok på rorbu og rispa ein ein festdeltakar i handa. Væpna politi er på staden.

DEL

Dette skjer på ei rorbu i Kalvåg i Bremanger, og politiet er på staden no, melder operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firda litt over klokka 08 søndag morgon.

– Dette skulle vere ein fest i lystig lag med fleire deltakarar, så har ein av dei gått berserk. Rett og slett klikka, som vi seier, legg Algrøy til.

Væpna politi

Politiet er væpna på grunn av meldinga om kniv.

– Patruljen har kontroll på mistenkte, fortel Algrøy.

Trua med kniv

Politiet fekk melding klokka seks søndag morgon om at ein privatfest på ei rorbu hadde kome ut av kontroll.

Ein av festdeltakarane oppførte seg truande og vart karakterisert som at han hadde gått «amok».

Ein halvtime seinare vart det meldt at han hadde teke fram ein kniv og trua med, og mistenkte hadde rispa ein annan i neven.

– Skaden skal ikkje vere alvorleg, opplyser Algrøy.

Vert truleg avhøyrd i dag

Operasjonsleiar melder at politiet framleis er på staden klokka 10 søndag føremiddag, for å avhøyre fornærma og vitne.

Den sikta er ein mann i 30-åra. Han vert frakta til arrest, truleg i Florø.

– Planen er å avhøyre han i løpet av dagen, seier operasjonsleiar Per Algrøy.

Artikkeltags