Sjåfør blåste promille under aksjon skulestart

Ein mann i 50-åra blåste lågpromille i Bremanger.

DEL

Det melder politiet klokka 15.01.

Mannen blei stoppa under politiet sin kontroll i Gunnar Skjelderups veg i Bremanger. Under den rutinemessige alkotesten blåste han promille.

– Det er snakk om lågpromille, som vil seie mellom 0,2 og 0,5, seier operasjonsleiar Tatiana Knappen i Vest politidistrikt.

Mannen blei tatt med til lege for blodprøve etterpå.

Politiet har kontrollar over heile landet frå og med i dag fram til 30. august, i høve Aksjon skulestart. Dagens promilleutslag er dagens hittil einaste reaksjon under aksjonen i Vest politidistrikt.

Artikkeltags