Kvinne omkom etter fall på Hornelen

AKSJON: Redningsaksjonen er i gang, men det er komplisert å komme fram til den skadde, og operasjonen tek tid.

AKSJON: Redningsaksjonen er i gang, men det er komplisert å komme fram til den skadde, og operasjonen tek tid. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

BREMANGER: Kvinna som fredag fall ned i ein sprekk på Hornelen, er omkommen, melder politiet.

DEL

Politiet stadfestar like før midnatt at kvinna omkom etter fallet på om lag 30 meter.

Dei pårørande er varsla.

Henta ut frå fjellet fredag kveld

Politiets operasjonssentral i Bergen oppyste tidlegare fredag kveld til Firdaposten at kvinna er henta opp frå kløfta ho fall ned i. Ho skal ha falle om lag 30 meter.

Dei kunne då ikkje seie noko om tilstanden til kvinna.

– Kvinna var på tur saman med mannen sin, og vi veit på noverande tidspunkt ikkje kva som gjorde at ho fall ned i sprekka, opplyste operasjonsleiar Per Algrøy.

Krevjande

Klokka 16.40 opplyste Hovudredningssentralen at ein var framme på fjellet, med to helikopter og ei alpin redningsgruppe.

– Det vart jobba for å få kvinna ut av sprekka ho fall ned. Men det var krevjande å få på plass alt som var naudsynt av tauverk for å nå henne, difor tok det tid, seier redningsleiar.

Har falle ned i sprekk

Klokka 14.43 melde Vest politidistrikt at ein person skal ha falle 10 til 20 meter ned i ein sprekk.

Då melde dei at redningsaksjon pågår. Det gjer den framleis tre timar seinare.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags