Brannvesenet kunne ha stoppa knivdesperadoen i Bremanger på få minutt

DRAMA: Det var på ein privatfest i ei robru i Kalvåg at ein av festdeltakarane oppførte seg truande med kniv.

DRAMA: Det var på ein privatfest i ei robru i Kalvåg at ein av festdeltakarane oppførte seg truande med kniv. Foto:

BREMANGER: Politiet brukte over ein time før dei var på plass i Kalvåg og kunne arrestere mannen. Brannvesenet kunne vore der på eit kvarter, skriv NRK.

DEL

Politiet fekk melding klokka 06.00 søndag morgon om at ein privatfest hadde kome ut av kontroll. Ein av festdeltakarane oppførte seg truande og vart karakterisert som at han hadde gått «amok».

Ifølge operasjonsleiar Per Algrøy skal mannen i 30-åra trua med kniv, og rispa ein annan i neven.

Mannen vart arrestert den 27. januar sikta for grov lekamsskade. Hendinga skjedde i ei rorbu i Kalvåg natt til søndag.

Tok ei vurdering

Ifølge NRK Sogn og Fjordane var væpna politi på plass etter ein god time og kunne arresterte mannen. Då dei var framme låg gjerningsmannen og sov. Før politiet kom vart det også vurdert om det lokale brannvesenet i bygda kunne rykke ut. Saman med politiet hadde dei i fjor øvd på slike pågåande livstrugande situasjonar.

– Det blei vurdert av operasjonsleiar om brannfolka skulle rykke ut. Det meinte operasjonsleiar at ikkje var naudsynt, seier tenestestadsleiar for politiet i Florø, Wenke Hope, til NRK.

Brannsjef for Flora og Bremanger, Robert Endestad, er tydeleg på at lokalt brannvesen både vil og skal vere ein viktig ressurs for politiet.

– Vi kunne ha vore på plass med tjue mann på eit kvarter, seier brannsjef i Flora og Bremanger, Robert Endestad til NRK.

Treng midlar til å utdanne fleire

Dei siste åra har tusenvis av norske brannfolk fått opplæring i å hjelpe politiet i situasjonar med pågåande livstruande vald, såkalla PLIVO-aksjonar, skriv NRK. Men tronge kommunebudsjett gjer at det er utfordrande å halde beredskapsnivået høgt oppe for brannvesenet, meiner Endestad:

– Eg tenker jo at brannvesenet er rundt om i alle kommunar og er ein kjempebra beredskap for innbyggjarane våre. Då burde det følgd med statlege midlar slik at vi kunne øvd og utdanna folk. Slik kunne vi hjelpt til meir og vore ein skikkeleg ressurs for politiet i slike situasjonar, seier han til NRK.

Tysdag vart den sikta varetektsfengsla i to veker med brev- og besøksforbod. Det var NRK Sogn og Fjordane som først skreiv om fengslinga.

Artikkeltags